← attende til bokstova

Namn frå norrøn gudetru på nynorsk

Her er ei lista yver namn frå heidi norrøn gude­tru um­sette til norsk etter ålmenn fram­vokster. Målet er å få dei til å høva allra best inn i nynorsk skrift og talemål, som naturlegt nedervde namn. Elles med ymsa rett­ingar av beint fram låka uttalor i upp­att­liv­ingom av nomnom (t.d. tone­laget, med­ljodi og sjølv­ljodi i Odin)

Innehald

Dvergar

Jøtlar

Gygrer

Nornor

Æser

Åsynjor

Vaner

Valkyrjor

Stader

Elvar

Kappar

Hestar

Andre

Hendingar:


Merknader

Som i andre ord i ija-klassa, t.d. eine frå einir, hev dei gamalnorske namni med -ir falle saman med linnt hannkyn. Ei form som *Mjølner gjev rangt uttrykk av tonelaget og vik frå ålmenn framvokster.

Namn på -ir eller -i frå gamalnorsk fylgjer vanlegt norskt mål når det gjeld utljod og fær -i der detta finst i t.d. bakkji.

Der namnet hev ein unaturleg -ur eller dilikt for målføret, fylgjer uttala annan liknande framvokster, som onder frå ǫndurr.

Hokyn på -n skal eigenleg missa n-en, men då fylgjer sjølvljodet ålmenne reglar for utljod av burtfallen -n (med eikor vendingi etter di det er namn). Soleis Sìgjỳ eller Sìgjø (uviss på Sìgjì, Sìgja e.dl.) av Sigyn, og Gjevjò / Gjevja av Gefjon. Siste um upphavsformi er Gefjon, men skulde elles ha’ fylgt Njørun (Gjevjo < Gefjun).

Til liks med bunde fleirtal augo frå augun lyt Njǫrun verta Njøro.

, ì og è i uttaleskrifti er typar. Dei kann difor fritt verta ø, é og æ i uttala: Bỳllist > Bøllist / Bøllest, Gjèr > Gjær.

Der eit anna avbrigde av uttala høver betre til målføret er det inkje i vegen for å nytta detta, og soleis skapa eigne målførelege namn på gudane. T.d. Skug(g)ul for Skogul.

Når ein umset norrøne namn til norsk er det gjerne eit mål å fylgja ei ålmenn og venta framvokster. Det same gjeld med jamvektsord. Soleis Velja, Lòka, Braga, Gjøma o.s.fr. I målføre der jamvektsord hev utjamning er desse inkje undantak og ein kann gjerne segja Bråggå og Låkkå for Brage og Loke, som dei var nedervde norske namn. Den rettaste formi (d.e. beste umsetjingi) er ho som glid naturlegast inn i målet.

For ll og nn, eller rl og rn, kjem det j-fengjing og segmentasjon (dl eller dd) der detta høyrer heime i målføret: Fùllja (Fùllje) eller Fùdla/Fùdda, og Nannja (Nannje) eller Nadna, for Fulla og Nanna (Nepsdotter).

Etter gamal norsk namnesed fylgjer namni framvoksteren åt namnord på den visi at kvennmannsnamn på -a hev -e i dei målføri der anna linnt hokyn hev -e. Som ålmenne Anne for Anna (Arna?), eller Hæge /²heːɡə/ for Helga i Råbyggjelag, skal òg namn som Frøya hava same ending (og tonelag) som visa og trøya. Elles er det inkje i vegen for å nytta bundi form, slik det er tradisjon for i mange målføre: Ho Frøyo / Frøyā (eller jamvel Frøyææn).

I mange målføre er -ul fylgjerett vorte -el. Det same lyt dei gjera i desse namni. Soleis vestlendsk Svépel, Skògel (hard g!) og Gòndel. Jamfør jøtel og jøtedl for jøtul.

Heim i utljod er vaklande. Uttala det gjerne som heimlege heim-namn, t.d. Nỳlvei(m), Nỳlvem, Nøvlòm o.s.fr. for Nyvlheim.

Vanlege ord som fjell fylgjer vanleg målføreleg uttala. Ein stad som Sætesdal kann uttala Nidafjell som Niefjødd m.a.


Atterbod

Namn:

Heimsida (valfritt):

Bod: