← attende til bokstova

Um eit kynsnøytralt pronomen på norsk

Det hev i nyare tid kome upp eit spursmål um korleis me skal umtala folk som ikkje indentifiserer seg som hannkyn eller hokyn. Ei av løysingane på detta hev vore å låna ordet hen frå svensk, som fekk det frå finsk hän (finsk vantar kyn og hän er soleis han, ho og det), og denne formi møter ikkje på mange problem i skriftleg norskdansk, der både hannkyn og hokyn hev -n. Rekkja han, hun og hen ymsar soleis berre på sjølvljodet, og det kynsnøytrale pronomenet kann elles likna det bokmålske pronomenet den med h- frå hine tvo. På mange måtar er hen den formi som høver best på bokmål, utifrå likskapen med andre ord, og det støyter ikkje på tydelege hinder.

Problemet kjem når me skal sjå på norsk. Det nyttar ikkje å sjå på skriftlegt bokmål åleine for å finna den mest høvande formi, for so fort nokon talar noko som liknar dialekt kjem hen til å blanda seg med andre former i snøgg eller uklår tala, og i verste fall føra til mistydingar. Den ljodlette formi hadde mange stader vore ’en eller ’n, sers nært dei ljodlette formene av han. Dessutan læt hen som den apokoperte formi av henne i nokre målføre.

Medan hen på bokmål og svensk kann stydja seg på den, som på mange måtar er eit kynsnøytralt pronomen alt, soleis at hen kunne ha vore ei nylaging, hev norsk berre hannkynspronomenet han. Norsk hev ikkje den-pronomenet på same måte som i hine måli; på norsk er det einast eit peikeord (demonstrativ), ei lettare form av denne. Her hev -n difor ei mykje snevrare vidd og er mest alltid knytt til hannkyn. Hen hev eit klårt hannkynsmerke på norsk.

Eit anna framlegg som ymse folk hev fremja er å bruka dei i eintal, etter engelskt mynster. På engelsk hev they i nokre hundradår vore bruka um einskildpersonar når det er ukjent kven dei er, eller kor mange for den sak skuld. I byrjingi skal det nog ha vore i høve der det ikkje er viktig um det er fleire eller éin, og peikar berre på ein uspesifisert mengd folk med meir fokus på sjølve gjerningi. T.d. «everyone does their own chores», der setningi ikkje peikar på ein serskild person. Denne måten å bruka they på kann soleis ha breidt seg til andre høve der gjerningi er viktigarst, og då òg i høve der gjeraren er kjend. I mange høve kann he eller she verta for spesifikt, og leida fokuset meir yver på kven som gjer gjerningi. T.d. «the mailman will return the post if she can’t fit it in the mailbox». She her vert ein uviktig detalj. Sjølv mengdi postbod er ikkje relevant for å få fram bodskapen her, og ein kann soleis byta ut she med they utan å skipla det ein prøver å segja. Gjer ein det hev ein soleis synt at kven postbodet er ikkje hev noko tyngd, for detta einskilde postbodet er ikkje meir en eit konsept. På norsk kann noko liknande henda, men då på ein mykje meir abstrakt måte en det gjeldande bruket på engelsk. Der inkje anna er kjent tyr folk ofte til mangtal i staden for eintal, t.d. «dei som kjem for å hemta badekaret». Det kann vera éin person, eller det kann vera fleire, men det kjem fram som meir naturlegt å bruka mangtal her. Det er framleis tydelegt mangtal og stiget frå detta til det å vera eit nøytralt tridjepersons-pronomen er sers stort, so det krev ofselege umbrøyte i målet å få gjenom noko slikt. Dei som talar for eit slikt kynsnøytralt pronomen hev einast gjeve det engelske ordet norsk form, utan umsyn til det faktiske bruket på norsk. No hev eg alt avvist bokmål som rettesnor for desse avgjerdene, men det er framleis verdt å nemna at norskdansk de vert likt den æruge formi De.

Ei norsk form

Med dei grunngjevingane eg hev lagt fram imot hen vert spursmålet kva som kunne ha høvt betre på norsk. Det måtte ha vore noko som ljodleg ikkje fell i hop med hine ordi so lett, men framleis med umsyn til norskt ljod- og formverk. Som nemnt er endingsljodet -n sterkt knytt til hannkyn, so det beste hadde vore å halda seg undan det, og ser me på formverket åt hine pronomeni hev me ikkje mange andre val. Eitt av dei er -tt etter inkjekyn, soleis *hatt um me tenkjer oss ei inkjekynsform av han og ho (← *hānaʀ, *hānu) etter mynster som mitt*mīnt. Vanden her er at det 1) skil seg ljodleg frå hine pronomeni og stikk seg ut i tekst og tala, og 2) læt som det ein hev på hovudet. Tek ein i staden burt kynsendingane -aʀ og -u fær ein ha, men detta møter òg på fyrste vanden, og fell elles ihop med den ljodlette formi ’a av ho.

Eit framlegg eg hev sét er he etter frumgermansk *hit, som me veit hadde fylgt same framvokster som me og de (← *wit, *þit). Denne formi hev mange fyremuner, millom anna at ho ikkje fell i hop med andre kynsmerkte pronomen utan å skilja seg ljodleg for mykje frå dei ordi me alt kjenner. Den ljodlette formi hadde vore ’e, ulikt både ’(a)n og ’o / ’a. Einaste samanfallet vert med det etter /r/ i austlendske målføre («var ’e»), men sjølv detta samanfallet er ikkje for gale, for samanhangen gjer det tydelegt kva ein meiner. Dessutan vert det samanfalle med inkjekyn som er kynsnøytralt alt (sjølv um det i si fulle form ikkje høver; meir um det nedanfyre).

Formi *hit på frumgermansk var inkjekynsformi av *hiz, upphavet til engelsk he. Detta ordet hev ikkje heldt seg på nordgermansk og me kann soleis låna det att utan å vera rædde at det skal skuva burt ei eldre tyding. *hit tydde mest sannsynleg det same som det og var ikkje bruka um folk, men slik framvoksteren hev vore på norderlendsk hev h- vorte avgrensa til pronomeni me umtalar folk med. Av denne same grunnen vert det utrygt å bruka det um folk som ikkje identifiserer seg med noko kyn, jamvel um det er inkje kyn; sét burt ifrå den mest openberre grunnen at det er bruka for å syna vanvyrdnad alt. Skal me taka i bruk eit nytt menneskelegt pronomen er det soleis ein stor fyremun at det hev denne h-en.

Når ein so hev landa på ei form er det vel so viktig å finna ut kva dei ulike bøygjeformene skal vera. Ser me på det frumgermanske ordet var sidefallsformi *himmai og eigefallsformi *his, og dei kann nog vera greide å bruka som grunnlag for dei norske formene. På norsk skulde nog sidefallsformi ha enda upp som *him, men so stor rolla engelsk hev i det norske samfundet trur eg det er lurt å styra undan ei slik form. Det er lett å løysa med ei meir utjamna bøygjingrekkja der alle formene hev same stomnsjølvljod. I det høvet vert bøygjingi slik:

nemnefall:he
sidefall:hem
eigefall:hes

Samsvarsbøygjing

Ein vande som ingen av samfundsdebattantane som fremjar desse ordi hev tenkt på er samsvarsbøgjingi. Ein sopass viktig del av norskt mål skulde aldri ha vore gløymt i detta ordskiftet, men det ser ut til å ha gjenge slik same kva. Sjølv Språkrådet hev vore so altfor snøgge med godkjenningi si av hen at dei radt hev skapa eit stort hol i målet, for korleis meiner dei at ein skal bøygja liten um ein brukar hen? Ulikt svensk og bokmål hev norsk eit strengt skilje millom liten og liti (lita). Segjer ein «hen er liten» hev ein bruka hannkynsbøygjing um ein person som ikkje ynskjer å verta umtala som hannkyn. På meir moderate former av norsk (høgnorsk), vert det tilfellet med alle lagord som endar på -en. Ei løysing på detta kann vera å bruka ei form som likjest inkjekynsbøygjingi, soleis «he er lite». Denne bøygjingi kann tenkjast vera frå ei fjorde frumgermansk bøygjingsrekkja, utan kynsmerki frå hine (-az, , -at). Det hadde soleis sét slik ut:

hannkyn:*wullīnazullinnullen
hokyn:*wullīnōullinulli
inkjekyn:*wullīnatullitulle(t)
*wullīnulliulle

Denne nylaga bøygjingi hadde òg golde for andre lagord, t.d. lang, der det då fær ei fråskilt form i dei målføri som skil millom hannkyn og hokyn her (som sætesdalsk med lang’e og long). Grunnregelen for denne bøygjingi vert rett og slett at det korkje fær endingi frå hannkyn (-’e), eller det brigde stomnsjølvljodet frå hokyn (-a--o-). Detta hadde sjølvsagt ikkje vore ein regel i målføre som vantar skiljet, so ein sunnmøring hadde sagt «he (hìd) e stor’e» på nett same visi som han segjer «ho e stor’e».

Med denne serlege bøygjingi slepp me elles vandane vanlegt inkjekyn hadde ført med seg, m.a. kor merkelegt «he er stort» læt. Eller endå verre, med namn: «Aud er stort».

Ein siste ting å tenkja på er herdingi medljodi /g/ og /d/ fær i utljod, t.d. haldt! til halda. Ei form som *kald (utan korkje -az eller etter) skulde soleis ha vorte *kaldt og låte som inkjekyn. *lang hadde endåtil vorte *lekk (jf. *ganggjekk). Til detta hev me ei sterk motkraft kalla analogisk utjamning, som hadde sytt for at dei klangføre medljodi frå hine bøygjingane vart halden ved like.

Atterbod

Namn:

Heimsida (valfritt):

Bod: