← attende til bokstova

Longyear City

English (incomplete)

Langt langt nord, på øygruppa Svalbard uppi Arktis, ligg ein by som gjeng under namnet Longyear City [lɑŋjɪər sɪɾi], ein kald og ugjestmild stad med myrke mur- og betonghus i lange rekkjor, og ei stor mengd fabrikkar og industribygg i kvar krik og kvar krok. Denne byen er fulla i valdet åt den mektige forretningsmannen Mr. Longyear, som hev bygt seg upp sopass at han radt hev kaupt upp alle konkurrentane sine, og styrer byen med jarnhand. Alt i Longyear City ligg under samlaget Longyear Inc. og all eigedom er på eikor visi alltid ått og styrt av Mr. Longyear sjølv. I denne byen er alt av pengar verdelaust, og kaup og sal hender gjenom Longyear-kupongar, ein valuta som berre gjeld i Longyear-butikkar. Arbeider ein i Longyear City arbeider ein for Mr. Longyear, og løni vil alltid vera i Longyear-ekslusive frynsegodar og kupongar. På denne visi er folket i denne byen fanga i det nådelause gripet til Longyear, utan høve til å fara, eller kjenna på nokor form for friskap.

Longyear City byrja som ein vanleg by då nybyggjarane flutte til staden. Verksemdene skaut upp snøgt og byen var ein god stad for alle som vilde klatra høgt. Med låge skattar og få tyglar var det lite som hindra folk i å uppnå rikdomane dei hadde drøymt um. Denne skorten på regulering lét verksemdene byggja seg upp til det uendelege, men alt frå den spede byrjingi var det eitt samlag som utmerkte seg, og det var Longyear. Med åri voks detta samlaget med Mr. Longyear ved roret seg større og større, og kaupte upp verksemd etter verksemd. Etter kvart låg kvar og ein av dei under Longyear. Kvar butikk og kvar tenesta. Longyear styrte produksjonen, handelen, posten, jarnbana, helsevesenet, politiet, ja, endåtil domstolane. I laupet av denne prosessen hadde Longyear introdusert sitt eige system med kupongar som skulde sikra at folk kom attende til Longyear-butikkane. I byrjingi var det noko forbrukarane fekk ved å returnera varor, og medlemsgodar ein sparde upp ved kvart kaup. Detta kupongsystemet aksellerte vegen til toppen for Longyear, med di alt av verde folk til sist stod med var i form av Longyear-kupongar. Verksemdene kaupte han fyrst upp med verkelege pengar, dinæst med eigne kupongar då pengane vart verdelause. Og lettare vart det, for det var nær sagt umogelegt å halda fram som eigi verksemd i detta nye Longyear-styrte samfundet. Verksemdene som ikkje døydde ut gjorde lurt i å leggja seg under Longyear, um so for litt skarve butikk-kreditt. På ein blunk låg all makti hjå detta eine samlaget.


Bilæte av Longyear City med hovudkvarteret til Longyear Inc., det kolossale Longyear-bygget. Generert med kunstig intelligens.