Månadene hev frå gamal tid havt eigne namn på norsk, og nokre av desse hev yverlivt til nyare tid. I byrjingi var ein månad tidi millom tvo nymånar som skifte frå år til år, og denne tydingi hev enno størst vekt, men dei gamle månadsnamni kann òg avløysa namni på dei fastare romerske månadene.
Av dei månadsnamni som hev heldt seg til i dag hev me berre litt av vetteren og ut på våren, men etter det hev norsk berre latinske namn. Månaden mai vert stundom kalla blomemånad, og i form likjest det dei gamalnorske namni, men det er å rekna som eit nyare kallenamn og hev ikkje all den sogelege vekti.
Elles finn me spor etter gamle månadsnamn i ymse ord, t.d. gaukedag / gauksmessa ‘fyrste maidag’ og gaukrid ‘kulde i midten av mai’, jf. gaukmánaðr; og høyannvika knytt til månaden heyannir (flt. av høyonn).
Sotmånad eller sotmåne
Månen næst fyre jolemånad (månen som lyser på trettandedagen). Jf. sotsundag, fyrste sundagen fyre jol.
Gjenom året her vest (1966) av Johan Byrkjeland:[1]
Siste månemånen fyre jol vart tidlegare i Glåmdalsbygdene på Austlandet kalla sotmåne. Sotmånen slutta i år 14. desember og den næste månen jol hadde måneny.
Sotmånad kann òg vera namn på den romerske månaden desember.
Jolemånad eller jolemåne
Denne månaden er frå gamalt den månen som lyser på trettandedagen (6. januar), ubunde av hine joledagane, jamvel um jolemånen kjem utpå nyåret. I 2022 er jolemånaden frå andre dagen etter nyår, fram til næste nymåne 28 dagar seinare. 2022 fær sin næste jolemånad åtte dagar fyrr nyår, tvo dagar etter solhov. Av gamalnorsk jólamánaðr.
Grunnmanuskriptet frå 1935:
jole-måne m. nymåne som er i joli eller trast fyre joladagane (um månen som er uppe i joli ikkje rekk til trettandagen, vert næste nymåne jolemåne; etter dette vert då dei næste månane torre og gjø rekna) (Tel, Snm o.fl.), Å. Òg i formi "juula måne" (Shl), V. Jfr. gn. jólamánaðr, månaden frå midt i desember til midt i januar.
Jolemånad kann òg vera namn på den romerske månaden desember, men sidan månen kann vera heilt inni nyåret skulde det nog ha vore januar i staden.
Torre
Torre (ofte i bundi form: torren) er månaden som kjem etter jolemånad, og kom i 2022 på trettiande dagen etter nyår. I 2023 kom han på den 21. Av gamalnorsk þorri. Jf. Torre, ein jøtul frå norrøn gudelæra og son av Snjo.
Norsk Ordbog (1873) av Ivar Aasen:
Torre (o’), m. 1, Februar Maaned; eller egentlig: den “Maane” som følger næstefter Julemaanen og for det meste omfatter en stor Deel af Februar. Berg. Nordl. Tel. og fl. (G.N. þorri). Jf. Jolemaane og Gjø.
Torren kann òg vera namn på den romerske månaden februar, som han òg kom på nett same tid som i 2022 (1. - 28. februar).
Gjø eller go
Gjøi er månaden som kjem etter torren, og som med torre er denne ofte nemnd i bundi form. Han vert uttala gói i nokre målføre, og med bundi form góa i Sparbu. I nokre målføre er han hannkyn, gjøin og góin, og sidefall er sumstad góam (hannkyn eintal). Av gamalnorsk gǿ og gói, jf. færøysk gø.
Norsk Ordbok, bind 4 (2002):[2]
H L giøaa, Ws, H, VTel1821 jøe, jhø, C, A; målf og go (Namd), goi (Jr; AlverDM 14), bf. sg. goa (Sparbu), lint m. bf. sg. gjøin (Krok.PL 14), goin (Krok.GF II,235), dat. goam (sm. st.); genus og m. (StordHøyl.; Krok.); personifisert Gjø, gjø, og Go (Vikna), Jo (Ndm), Jo Gjø (NFL19Helg 103); gno gói (gǿ), fær gø, sv. målf. gója, gya ‘februar’; av *g(i)ôn svarande til gr. kjion ‘snø’ (ett Sophus Bugge), T.
Gjø kann òg vera namn på den romerske månaden mars.
Krikla eller kvina
Denne månaden kjem etter gjøi.
Krikla/kvina kann òg vera namn på den romerske månaden april.