← attende til bokstova

Byrja den 1ste februar 2021. Sist umgjord den 8nde november 2024.

Høgnorsk umsetjing

Crowdin-sida fyre den offisielle umsetjingi


Eg hev i lang tid fyreslege fyre Mojang å leggja inn høgnorsk i Minecraft, og i byrjingi av 2024 vard målet endelega lagt inn i umsetjetolet Crowdin. I september 2024 vard Minecraft: Java Edition til­gjengt på høgnorsk.

D’er myket som skil seg frå den nynorske i den høgnorske umsetjingi, millom annat at nyare normer, jamvel dei uskrivne, hava myket mindre å segja. Umsetjingi skal vera etter høg­norsk / lands­målsk tradisjon og då fylgjer det med at det ikkje er fleir­talet som skal styra, etter di den landsmålske tradisjonen er halden i hævd av langt færre. Difor skal norskt ord­til­fang koma yver det lånte, um det so er mindre kjent fyr’ ålmenta i dag.

Av ting som verda onnorleides i høgnorsk­umsetjingi er desse nokre av dei vegtug­aste:

Høgnorsknormi

Høgnorsk heve mange former, men umsetjingi lyt nytta den med mest samtykke. Ho skal ikkje vera meir konservativ en landsmål, men samstundes halda seg undan nyare og stundom lånte former som stå. Elles lyt umsetjingi skilja seg frå den gjeldande nynorske og vera meir en eit avbrigde av denne. Det er òg vegtugt å hugsa at detta ikkje verd kvardagsmål eller slik det kjennest naturlegast å skriva høgnorsk, snøgt, i heilt ålmenne høve, men ein myket gjenomtenkt målbunad, der det estetiske er vel so vegtugt som bòdskapen. Torvi for ei meir «demoktatisk» målføring grunnad på det vanlegaste i moderne skrift er større i nynorskumsetjingi, som skal nå ut til alle nynorskingane, men høgnorskumsetjingi er for dei som ynskja retteleg høgnorsk, um det so er mindre vanlegt i dag.

Sermerkte fråvik og hugsereglar

ei blokkmange blekker (einstavingstonelag)

Minecraft-umgripet block er so serskilt i tyding, og ikkje minst innarbeidt, at det luraste trulega er å nytta nokot likt på norsk, um so blokk ikkje heve denne tydingi frå gamalt. Då vert det soleis eit eiget sermerkt ord/umgrip knytt til Minecraft-verdi, utan tyglane frå det røynlege ordet, og kann få ei bøygjing etter mynster frå nedervde ord. Det norske ordet blokk, jamvel um det lånt frå tysk gjenom dansk, heve i sume målføre fenget mangtalsbøygjingi blekk´er, og d’er òg denne me hadde ventat frå eit nedervt norskt ord (← *blǫkk, jf. isl. blökk).
Bøygjingi kunde òg ha voret blakker liksom isl. blakkir, men det heve ’kje den same målføre-studnaden som nemnd yver her.

verdaverdvardvorde

Segnordet verta/verda hev -d- i umsetjingi, etter landsmålsnormi hans Ivar Aasen.

fyre er skrìvet som fyr’ framfyre sjølvljod.

I umsetjingi er for/fyre skrìvet med fullformi fyre, og denne er avstytt til fyr’ framfyre sjølvljod. Soleides t.d. «fyr’ å gjera». Formi for er berre nyttad fyr’ engelsk too (for mykje, for langt o. s. fr.).

Utbreidt bruk av avstytte former.

Munnlege avstyttingar som kann ’kje, d’er og ’nom / ’nne ero nyttade i skrift.

Gjenomført u-ljodbrigde i hokyn av lagord.

T.d. former som svort og long, men òg kór fyr’ hokyn av kvar (gn. hvǫ-, liksom hvá-, verd kó- på nynorsk, jf. eikoreinhvǫr). Detta gjeld ikkje i lagformene av segnord (t.d. skadd av skada), di u-ljodbrigde i desse ikkje finst på nynorsk, ikkje eingong i Sætesdal.

Nokre ord som ero ulike deim i nynorskumsetjingi

Høgnorsk Nynorsk Merknad
dvergsmide krystall Dvergsmide er ’kje eit utbreidt namn for krystall i dag, men gløymt er det ikkje, fyre jamvel Nynorskordboka heve dvergsmie. Elles hava både Grunn­manuskriptet og Norsk Ordbog ordet.
jordeple potet Eg tenkte på å nytta jordeple allstad, men var rædd det kom til å vera merkande, soleides at nokon «tok saki i eigne hender» og fór åt Crowdin. Eg vil ikkje hava normgalne petimetrar til å pirka i umsetjingi. Då verd trulega honom, undan og verkty offer fyre rettingi.
fjerrflytja teleportera No hugsar eg ikkje um detta er nokot eg fann eller fann på sjølv, men d’er ikkje vandare en at ein flyt noko til ein fjerr stad, nett som at eit fjerrsjå syner eit fjert sjå.
alda frukt Einast nyttat i koralda, som korkje likjest nokor røynleg alda, elder heve teke namn frå ei. Det tarv ikkje vera alda, men eg tykkjer det er greidt å nytta ordet. Frukt er i alle høve uturvande.
brandgul oransje Her stend valet millom brandgul og raudgul. Sidan raudgul kann vera ein raudleg gul trur eg samanlikningi med brand er tryggare. Nokon røynleg vande er det ikkje med raudgul, so det spyrst kvat folk tykkja.
kyndel fakkel Eg skulde gjerne ha nyttat kyndel i nynorskumsetjingi, men folk hava jamvel synt mothug til asen fyr’ esel, so eg vil ’kje brigda nokot folk ero so vane med, serlega ikkje nær det strengt teket ikkje er galet med fakkel.
skjåvengja skinnvengje Skjåvengja læt rett og slett betre. Det er dess­utan meir grann­samt, av di dei hava skjå i vengjom, som rett nog er eit slag skinn, men det er ikkje som hud. D’er elles hovud­formi hjå Aasen.
lekk (-jer) lenkje Vanlegt i høgnorskrørsla heve voret lenk elder lekk, etter di lenkja er rangt umsett frå engelsk der dei ikkje hava skil­naden. Ein «link» er ein lekk i den lekkja som er heims­veven.
hått stòda modus D’ero andre ord som òg høva her, m.a. lag, elder det halvnorske måte, men hått er eit godt ord med høvande tyding til mykje. Like vel er det yver­skygd av måte og form, so det kann vera greidt å få fram i ljoset att.

Eg hev byrjat med å nytta stòda i umsetjingi. Det treng sjølvsagt ikkje enda som det um folk hava betre hugskot då.
lada lasta Når det heiter download på engelsk og me i alle år hev havt lada skip og lada byrsor, so både kann det – og lyt det – heita lada ned på norsk. Lasta er rett og slett eit heilt uturvande ord, som ikkje berre er eit nylaga ord etter tyske last, men som jamvel skyv til sida norske lada som alt havde rette tydingi og var i bruk til nett dei same tingi. Um det so hev vorte slik at lada er sét ulikt i dag, m.a. med lading av telefon, so er lasta inkje godt andre­val. Der er det best med noko norskt som liknar det norsk­danske, t.d. lessa til lass (lasta hev ikkje eingong ljodbrigde).
sløda kappe Sløda er eit norskt ord som kann tyda um lag det same som kappa, og stend i Dansk-norsk ordbog av Steinar Schjött. Ordet hev tydingi «et sidt Klæd­nings­stykke, en stor Vams eller Kappe» hjå Aasen. I Norsk Ordbok 2014 er andre tydingi «sidt klede­plagg; stor kappe, kufte». No er ikkje ty­stykket ein ber på ryggen i spelet nokor stor kufta eller kappa, men det det er sidt, og høver til fyrste tydingi av ordet «Slæb, noget som man drager efter sig».

Ting å tenkja på

Ordlista

Ting frå nye utgåvor

I enden av september 2024 kunngjorde Mojang at spelet skulde få eit nytt bleikt grått lende med ei mengd med nye emne og vokstrar, og eit nytt skræmsl. Tavla under her gjeng inn på alle dei nye namni.

Engelsk Norsk Merk­nad
creaking knerk­ande knerk ha. Knerken er som ein lùt av skogen sjølv, med skap av eit stykke tre som løyner seg millom trestomnane. På engelsk vert han kalla creaking eller the creaking (beint fram ‘den knerkande’), men spursmålet er um me skal nytta same ordlaging på norsk. Skal skræmslet hava namnet knerkande av uferdug lag­form skulde det nog ha vore laga um til eit namn­ord med ålmenn namn­ords­bøygjing. Soleis bunden form knerkanden og fleire knerkandar.
Eg hev fyrebils kalla skræmslet knerk, liksom ljodet, og det tykkjest gjeva namnet litt av den same tvi­tydingi som creaking, som òg er namnet på ljodet. Soleis vert skræmslet som ei ikjøting av dei nefse ljodi ein høyrer bleik­hagen. Same kva me endar med er både knerk og knerkande betre en knerkar slik nokre mål di­verre hev umsett det. Vanden med -ar er at det fastset ein som gjer gjer­ningi (agens), og dreg det burt frå tanken um at det er sjølve knerken i skogen som fylgjer deg. Slik eg kjenner det gjer ein tyde­leg agens skræmlet meir turrt og keid­samt en um det fær vera uklårt.

Umsetjing i andre mål:
Tydsk: Knarz (etter knarzen ‘knerka’), svensk: knarrträd, islendsk: brakandi, polsk: trzeszcz (knerkeljodet).
creaking heart knerke­hjarta knerk­adal ha. Det engelske namnet ser ut som at det er hjarta som knerkar, og det kann nog vera sant det mèd, men det er vel heldst upp­kallat etter skræmslet. Same kvat kjem det natur­legare å nytta ei saman­sett form på norsk.
D’er seinre kunn­gjort at spelet òg fær eit slag kvåda som likjest knerke­hjartat på lìt, og spurs­målet er då um heart hev’ å gjera med heart­wood ‘adalved’. Kvat kunde då um­setjingi ha’ vore? Kann henda knerk­adal (kner­kâl)?
pale garden bleik­hage Ordet garden er ikkje nytta nokon annan stad i spelet, so detta lendet inn­fører i so fall eit nytt umgrip. Skal det vera hage, eller finst det betre ord?
pale oak bleik­eik Eit bleikt (og folnat) av­brigde av myrk­eiki.
pale moss bleik­mose Denne mosen likjest eit det slaget grå lav som ofte heng frå tre, på norsk kallat skjegglav, strylav o. s. fr., men når dei hev valt å kalla det moss på engelsk i staden for lichen ‘lav’ må me berre tru det var eit medvitet val at det skal vera mose og ikkje lav. På bokmål, derimot, hava umsetjarane gjenget myket sterkare mot å gjera bleikhagen til eit slag norsk æventyrskog, der bleikmosen heiter hyldrestry (skogen heiter elles huldreskog). Å knyta ein slik parallell til norsk folketru kann i nokre høve vera greidt (t.d. draug / sjodraug fyre drowned), men nett her er det litt for myket. Hadde huldrefolk voret ein ting i Minecraft hadde ein røynlega fundet deim i skogen.
resin kvåda Eit slag sevja frå bleikeiki, men jamvel um eik ikkje er eit bartre er detta snarare ei kvåda. Grunnformi åt kvåda er kvådeklumpar som ein so kann herda med omnen og nytta til ymse blekker.
eye­blossom aug­blom Uvisst um blomen skal heita augneblom, augeblom eller berre augblom. Han hev eitt ljosande «auga», so namnet lyt nog heldst nytta eintal (auge-), men ser me på korleis ord med eintal auga ofte ter seg på norsk er stomnen aug- vel so venta.

Atterbod

Namn:

Heimsida (valfritt):

Bod: