Detta er ingen lang lesnad, og serlegt langt skal ein helder ikkje lesa fyrr denne saki synest tolleg klår og greidleg. Det er voni, i alle fall, og eg ser ingen fyremun i å draga ut eit emne som ein snøggare, og lettare, fær med seg med ei stuttare tekst. Er det noko du kjenner teksti vantar kann du senda eit atterbod nedst på sida eller kontakta meg på onnor vis.
Runeskrifti hev i meir en tusund år vorte forma etter dei norderlendske måli, men hev ufortent gjenge i gløymeboki. Det er leidt at me ikkje fær sjå denne framifrå skrifti i moderne bruk, og at det ikkje finst nokon innarbeidd måte å skriva nynorsk med runer på, so her er ymse hugskot til ein nynorsk runestavnad.
Den nynorske runestavnaden måtte ha vore etymologisk, heldst med minst mogeleg skilnad frå dei gamle runeskriftene. Med latinske teikn er den norske skrifti tyft på den danske, men utan nokor utbreidd dansk runeskrift hev nynorsk berre den gamalnorske å fylgja. Det er ingen fyremùn i å apa etter den latinske skrifti, og detta var helder ikkje tilfellet på gamalnorsk. Runeskrifti heldt seg godt fråskild frå den lånte skriftkulturen.
Difor gjev det meining å visa umsyn til den nynorske målvoksteren, t.d. at det gamalnorske ð-ljodet kvarv i alle stodor millom og etter sjølvljod. Med eit so gjenomførd burtfall verkar ⟨ð⟩ godt som ein «stum» bokstav. Utan presset frå dansk, eller Gutenberg, til å skriva denne stumme bokstaven som ⟨t⟩ (huset) eller ⟨d⟩ (tid), lyt runeskrifti difor ganga for den gamalnorske stavingi ð (þ i gamle runerit). Soleis tið, uiðka, huseð og deð. I den gamalnorske latinske skrifti var [ð] og [d] rekna som allofon, og desse var soleis skrivne som ⟨d⟩, men detta galdt ikkje i runeskrifti, der [ð] tidt vert skrive som þ (t.d. kuþ for guð / goð). I nokre seinare runerit fekk denne staven eit stunge avbrigde for ð-ljodet.
For /v/ måtte runeskrifti ha nytta tvo ulike stavar: v (ei stungi f-run) i inn- og utljod, men ein vanleg u i framljod. Soleis ueva for veva, jf. gamalnorsk uefa [weβa]. Beint etter medljod eller medljodsklyngjor i framljod måtte /v/ òg ha vore u, t.d. suevn og skualpa.
For å taka vare på samansetjingi fuþork fyrst i runerekkja måtte þ ha vore ein stav i den nynorske. Ljodverdet åt denne staven fall i hop med t /t/, og þ havde soleis vorte reint ordsogelegt. Jf. islendsk i og y. Ein kunne då ha valt millom å skriva tuss, eller det sers alderdomlege þuss. Uttala av fuþork havde soleis vore /fuːtork/.
Sidan den typiske gamalnorske runeskrifti ikkje merkte lengd på korkje sjølvljodi eller medljodi gjev det mest meining å halda det slik, men skal ein fyrst merkja lengd er det ikkje merkelegare å skriva sjølvljodi tvifaldt en medljodi. Eit ord som lått kunne då ha vorte laatt. Meir uvisst er eit ord som otta; skulde det ha vore ootta eller otta?
Runestavane uppstelde etter dei gamle «ættene» frå den samgermanske runerekkja. Dei tvo nedste radene er nyare tillagde eller tilmåta stavar.
ᚠ | ᚢ | ᚦ | ᚮ | ᚱ | ᚴ | |
f | u, v | t (þ) | o | r | k | |
ᚼ | ᚿ | ᛁ | ᛆ | ᛌ | ||
h | n | i, j | a | s | ||
ᛐ | ᛒ | ᛘ | ᛚ | ᛦ | ||
t | b | m | l | y | ||
ᛂ | ᛅ | ᚯ | ᚵ | ᛑ | ᛕ | |
e | æ | ø | g | d | p | |
ᚧ | ᚡ | |||||
∅ (ð) | v |
Torekall kom seg av skogen heim,
trøytte var han og mode;
tjuvann hev stoli burt hamaren hans,
han visste kje kven det gjorde.
Han la seg ned um joleftan
og sterkan svevnen fekk;
vakna ’kje fyrr um trettandagjen,
då folkje at kjyrkjunn gjekk.
Og det var Olav Åsteson,
som heve sovi so lengje.
Betre byrdi
du ber ’kje i bakken
enn mannavit mykje.
D’er betre enn gull
i framand gard;
vit er vesalmanns trøyst.
Um du hev tankar um hugskoti på denne sida kann du skriva dei her.