Raun

Nynorske namn etter ålmenn framvokster. Gjerne slik dei vart naturlegt. Norderlendske fyrenamn av Eivind Vågslid («Vágslid») er ei viktig kjelda i denne skråi, både for sogelege former og dei gjeldande uttalone i dag. Elles sumt frå Ordbog over det oldnordiske prosasprog, Nordicnames.de og eigi røynsla. For skrivemåtane i denne skråi ligg ålmenn nynorsk (høgnorsk/landsmål) rettskriving til grunn, men namni fylgjer gjerne denne alt, som er venta etter di naturleg norsk framvokster frå gamalnorsk – som flestalle namni hev fylgt – er vand å få til onnorleis. Undantaki er dei som vart rangt tekne frå gamalnorsk, so som Gerd, der den rettaste stavnaden er Gjerd (utt. Gjèr / Gjèl).

Som i skråi med namn frå norrøn gudetru nyttar eg ei serskild uttaleskrift her. Eg nyttar ikkje IPA, eller Norvegia, men ei attgjeving nær nynorsk stavnad. Soleis ⟨gj⟩ for [j], [ʝ] og [ɟ͡ʝ] der skriftformi eller upphavet hev g. For open e nær æ skriv eg ⟨è⟩, som legg upp til at desse uttalone ymsar millom målføri. Det er t.d. ulikt frå stad til stad korleis e-en i Hèlgje vert uttala. Stundom er han [ɛ] og stundom er han [æ], men det attkeikte strìket yver e-en utelèt [e]. For tjukk l fylgjer eg Grunnmanuskriptet 1935 og Norsk Ordbok 2014 og nyttar understrik: lgje, Óla(v), Ùlv o. s. fr..


Alv, frå gn. Alfr. Helder en Alf som hev unorsk /f/ etter gamalnorsk skrivemåte.


Anne, kann henda frå Arna eller kjæleform av namn på Arn- (Arnhild o.s.fr.). Elles frå utlandet og vanleg norsk avstytting, jf. Lisa / LiseElisabet.


Arne, frå gn. Arni eller stuttform av namn på Arn- (Arnbjørn o.s.fr.). Lyt sjeldan hava klår /rn/. Vanlege målføreformer er Ane, Anne, og frå Hallingdal til Jâren, Ådne. Siste er vel etter eit brigde av /arn/ til /ɒrn/, jfr. islendsk og færøysk Árni. Etter Eivind Vågslid er gn. Arni nylaging eintal frå eigefall fl. arna av are (ørn, jf. Are). Detta skal ha vore den upphalege formi, etter di ørnǫrn er laga etter same formi (arna), eller sidefall fl. ǫrnum der n-en òg kjem frå arna. Denne n-en er elles same n-en me finn i augne- (augneleite) og øyrne-. Den røynlege sidefallsformi var ǫrum, slik ein ventar frå ari. Same umskifti (eller rengjingane?) som i ariArni og ǫrn finn me elles i Bjørn og Bjarne. Namnet Arne er funne ei rekkja stader frå og med gamalnorsk tid:

Eigefall:

Former i nynorske målføre:

Jf. Norderlendske fyrenamn.


Bjørn, frå gn. Bjǫrn. Ofte uttala med /rn/, men heldst hev det same uttala som ordet bjørn (d.e. bjønn, bjødn o.f.fr.). Som Arne og ørn er Bjørn (og Bjarne) laga av ei rekkja analogiske utjamningar. Bjarne er nylaga eintal til eigefall fl. bjarna (jf. arna), og Bjørn frå formi *bjǫrnum av *bjǫrum, som atter fær n-en frå bjarna.

Eigefall:

Former i nynorske målføre:


Eirik, frå gn. Eiríkr. Lyt hava tviljod anna en i målføre med einfaldt sjølvljod frå gamalt.


Eiliv, frå gn. Eilífr, tidlegare Æilīfʀ (samnorderlendsk). /eilif/ med einstavingstonelag er ei uform. Den nedervde formi er /eiliv/ eller /eilev/ med tvostavingstonelag. Namnet er sett saman av anten aina- ‘ein’ eller aiwa- ‘æva’, og līƀaʀ som er laga etter līƀa ‘liv’, jf. -leifr-laiƀaʀ av laiƀu ‘leiv’.

Former i korpuset:

Geir, frå gn. Geirr (GæiRR). Lyt hava linn g, som i Tarjei, Terje osb.


Gjerd, frå gn. Gerð, likt ordet gjerd. Hard /g/ og ljodande /d/ er ei vanleg uttala, men ikkje den nedervde. Jf. Valgjerd.


Gyda, frå gn. Gyða, stuttform av namn på Gyð- (nyare Gý-) frå Guð-. Namnet hev open y som gjerne vert ø. Tvostavings-tonelag og uljodande d.

Former i nynorske målføre:


Helga, frå gn. Helga. Tvostavingstonelag og fylgjer elles linnt hokyn med endingi. Jf. sætesdalsk Hæge /²heːge/.


Helge, frå gn. Helgi. Lyt hava linn g der ge-sambandet i utljod elles fær det.


Leiv, frå gn. Leifr. Ikkje uttala med /f/. Det er ei mistyding av gamalnorsk skrivemåte.


Olav, frå gn. Ólafr, Óláfr. Lyt heldst hava tvostavingstonelag. Jf. Ola.


Rolv, frå gn. Rólfr, Hrólfr. Ikkje uttala med /f/.


Torleiv, frå gn. Þorleifr, eldre ÞórlæifR. Namn på Tor- hev frå gamalt open o og ei ålmenn uttala av T. er Tòlleiv.


Ulv, frå gn. Ulfr. /f/ er vanlegt, men som med dei andre er detta uppatteke og sogelegt rangt.


Atterbod

Namn:

Netpost (valfritt):

Heimsida (valfritt):

Bod: