Framsida Bokstova Crocs Samband Gjestebok
Framsida Bokstova
Samband Gjestebok
Laugardag 29. april 2023 kl. 21.02
Laugardag 29. april 2023 kl. 20.58

Beste filmen nokon gong laga

I går såg eg Lange Flate Ballær med bror min. Eg hev sét honom fyrr, men det var lenge sidan, so eg hugsa ingen ting. Filmen var heilt perfekt. Beste filmen eg hev sét.

Eg råder dykk på det sterkaste til å sjå denne filmen.

– Eiliv, 29nde april, 2023

Måndag 24. april 2023 kl. 19.23

Nye songar i songboki

No hev eg lagt inn nokre nye songar i songboki. Desse er «Sunnmøre» av Anders Hovden og «Paa fjellet» av Kristofer Janson.

Onsdag 6. april 2022 kl. 23.30

Dagbok: Påskekafé på grendahuset

I dag hev eg vore på «påskekafé» på grendahuset i bygdi. Barneskulen song songar og framførde skodespel, og det var kaffi, saft, og kakor av alle slag. Det var kjekt.

So var det ikkje meir å skriva um den saki.

– Eiliv, sétte april, 2022

Sundag 6. februar 2022 kl. 12.57

Rundkoyringin í Klaksvík er lagt i Songboki

Det tok litt for lang tid – det veit eg, men no er Rundkoyringin í Klaksvík endeleg lagt til i Songboki. Lekk.

Måndag 13. desember 2021 kl. 19.54
Sundag 19. september 2021 kl. 03.41

Røynde ut vassmåling.

Eg havde alt tenkt på å freista vassmåling i fleire dagar, men so fann eg ei øskja med vasslìter og pensel på Samyrkjelaget i går. Då var det inkje spursmål; eg måtte hava det. Dyrt var det helder ikkje. Freista litt fyrr eg måla detta treet:

alt text

Sundag 11. juli 2021 kl. 21.02

Fyrste innlegg

Fyrste innlegget på detta vevritet.